torsdag 29. oktober 2015

Nr. 84: Jesus proklamerte jubelåret i synagogen i Nasaret!

Nr. 84:
Jesus proklamerte jubelåret i synagogen i Nasaret!

Bilde fra synagogen i Nasaret som jeg selv har vært i




Tema: Jesus kan!            Preiketekst: Lukas 4.16-22          Lesetekst: Johs.Op.5.1-5
 
(Innleiing) Det er 1.søndag i advent, der vi har fokus på Herrens komme (Adventus Domini). Herren kom og blei menneske, fødd i ein stall. Det skal vi feire i jula. Men han er og den som skal komme igjen på historias siste dag. Og han er den Herre og frelsar som kjem til oss i dag. «Ingen annen frelse kan», syng vi om Jesus. Men jesus kan! Det treng vi å halde fast på i møte med alt i livet og med framtida.
1.(Herren kjem)Vi lever i ei uroleg tid. Sjølv vi som bur midt i eit fredleg og rikt hjørne av verda, spør vi vel av og til med uro kva framtida vil bringe. 
-Der er uro og krig i Midt-Østen, med enorme lidingar og fare for enda meir konflikt.  -På Russlands vestgrense er det farlege konfliktar. -Vi ser naturkatastrofar som kanskje eit første teikn på konsekvensane av klimaendringar og ser korleis mange pga dette, krig og tørke mister livsgrunnlaget der dei bur og legg ut på lange vandringar mot fredlegare land. -Vi ser økonomisk nedgang og arbeidsløyse og pessimisme og merker  uro for framtida i mange land.
Ekspertar av ulike slag har mange tankar om framtida, og likevel er den som ei lukka bok. Det er dette Johannes apostel ser i synet frå Guds trone her i Op5.  Op 5.1 Ut frå sammanhengen her i Op omtalar bokrullen dei siste tidene i vår historie, det som blir skildra i bilete i kap 6 og utover. Op5.2-3 Ingen menneske eller engel eller åndsmakt kan opne bokrullen, dvs ingen kjenner djupast sett framtida eller har kontroll over den. I ei tid der vitskapen og teknikken går fram med stormskritt og politikarar og næringsliv gjer alt for å kunne lage prognosar for samfunnet, står vi likevel som små menneske og manglar oversikt og kontroll over framtida, både over kva som skal skje i naturen og i samfunnet og for den enkelte av oss.
Op 5.4-5 Takk til Gud! Der er ein som held verda og framtida i si hand. Han er kalla Løva av Judas ætt, eit uttrykk vi møter i Messias-profetien i velsigningsorda frå patriarken Jakob til sonen Juda i 1.Mos 49.9a+10 Han er kalla Davids rotskudd, etter orda i Jes 11.1-10 der frelsarkongen Messias, av kong Davids ætt, han som er Isais son av Juda ætt ,blir omtala profetisk. Jes 11.1-2a+10
Han er verdig til å opne bokrullen, dvs han har både  innsikt i framtida og held den i sine hender. «Makta er i Jesu hender» , også når det gjeld endetida! Det betyr slettes ikkje at alt som skjer eller vil skje er Jesu gode vilje, men gjennom alt, og det vonde menneske lager til,  er Jesus med sitt folk og fører historia mot sitt mål: folkeslagas frelse. Vi har ansvar for våre val i livet, som enkeltpersonar, famile, som menighet og som nasjon, men djupast sett kan vi likevel kvile i dette at framtida er i Jesu hender.  Framtida vår er ikkje styrt av blinde krefter i natur, åndeverden, eller samfunnet.  Det er Messias, han som samtidig er Guds offerlam, som har herredømme over historien. Op5.6-7  Her er noko som sprenger all menneskeleg tankegang i dette at det er han som oppgav sin herlegdom i himmelen og overgav seg  frivillig til døden, det er han, Guds offerlam,  som har all makt, i himmel og på jord, over nåtid og framtid.
I vår generasjon er Jesus blitt spotta og rekna for ingenting av så mange menneske her i landet og i vår verdsdel. At barn, unge og vaksne trur på han blir framstilt av nokon  som hemmande på fridom og menneskeleg og intellektuell vekst.  Men det er Han aleine som har har kontroll. Jesus kan!  Ingen andre kan rydde opp i det kaos menneske har stelt i stand sidan syndefallet. Framtida er ikkje håplaus, for vi venter på Jesu komme. «Se han kommer han som alle tiders floker løse kan.» Han og bare han kan gjere alle ting nye.
2(Herren kjem nå) Jesus er framtidas herre, men og den som i dag opnar Bibelen og gir menneske eit nytt liv, livssamfunn med Gud og fridom. Det er dette Jesus proklamerte da han heime i synagogen i Nasaret heilt i starten av hans offentlege gjerning opna bokrullen som inneheldt Jesaja-boka frå GT.
A.Også her opnar han ein bokrull som vel fysisk sett kunne opnast og lesast av einkvar som kunne hebraisk,( eller omsetjinga til gresk), men likevel var som ei lukka bok. Ein forstod orda, men ikkje bodskapen, inntil Jesus kom og sa: Luk4.21 Dette er nøkkelen til å gripe bodskapen i Bibelen, at ein får tak i hovedpersonen, Jesus, og ser alt i lys av hans frelsesgjerning. Vi kan lese i Apgj 8 om ein lærd mann frå sat i vogna si og las frå kap 53 i den same Jeasajaboka, på gresk, men ikkje forstod noko, før han fekk det forklart ut frå det som skjedde med Jesus. Det same gjer Jesus her med teksten frå Jesaja 61. Dei fleste i synagogen kunne denne teksten, men den blei ikkje til liv og frelse, fordi ein ikkje kjente den Messias som teksten omtalar. Men ved Ordet om Jesus inn i øyra kjem Anden til stades og hjarta blir opna så ein ser kva Bibelen talar om: Jesus. 
Luk4.18A             Det er ved DHÅ at bodskapen frå Bibelen blir ånd og liv hos tilhørarane. Om Jesus les vi her i Luk 4 at han var «fylt av DHÅ»(Luk4,1),  at han blei «ført omkring» av Anden (Luk4,1) ,at «I Andens kraft vende Jesus tilbake til Galilea» (Luk4.14) og her altså at «Herrens Ande er over meg for han har salva meg», slik han siterer frå Messiasprofetien i Jes61.
Vi har ein enorm utfordring her i møte med menneske rundt oss, som nok har ein bibel i huset, men den er ei lukka bok, både fordi ein ikkje opnar den og heller ikkje har blitt kjent med hovedpersonen, Jesus. Ønsker du å få vere ein som hjelper naboen, nabobarna eller kollegaen med å sjå Han som Bibelen talar om: Jesus?  Da treng vi at DHÅ får fylle oss, salve oss og drive oss. Vi kan lese og sitere frå Bibelen, men bare DHÅ kan ved evangeliet skape tru og liv i menneske.
B.Luk 4.18A Det er «ein god bodskap for fattige», evangeliet,  som Jesus er sett til å formidle. Vi som har hørt og tatt imot dette evangeliet, har del i ein skatt som er ukjent for menneske flest. Så mange her i landet trur dei veit kva kristendom er, men har likevel heilt misforstått. Ein har verken hørt, forstått eller tatt imot  evangeliet om frelsa i Jesus.  Ein oppfattar kristentru som bud og reglar og har ikkje sett den grunnleggande forskjellen på kristen tru og alle religionar og ideologiar elles.  Om vi kunne fått formidle dette revolusjonerande evangeliet  til både etniske norske og innvandrarar med bakgrunn frå andre religionar. Evangeliet om frelse ved Jesus aleine, nåden aleine, tru aleine er så annleis enn den lovreligion som elles er essensen i all religion: nemleg at ein håper på frelse om ein lever så nokonlunde bra og oppfyller dei religiøse og etiske krava. Lovreligion fører til trelldom eller fariseisme for den som tar det på alvor. Vi treng evangeliet om at Jesus har gjort soning for syndene og at det ved han aleine er tilgang til Guds himmel. Dette er ein god bodskap for fattige, dvs den som ser at ein ikkje held mål for Gud, men treng ein frelsar. Rom1.16 Å, måtte evangeliet fylle våre hjarta og flyte ut til andre . Verda treng å gripe dette, at Jesus kan det som ingen menneskeleg eller åndeleg kraft kan: nemleg å føre oss til fellesskap med vår Skapar.
C. Jesus siterer vidare frå Jes61: Luk4.18b-19 Jesus kom for å føre menneskeslekta tilbake til fellesskapet med Gud, men også ved dette å gjere noko nytt i våre liv her og nå.
Desse orda bør vi forstå med ein dobbel tyding. Dei viser det fundamentale som skjer når Jesus frelser eit menneske inn i Guds frelsesrike. Frå  å vere åndeleg blind og fanga av synda, blir ein Guds frie barn.
Dei viser og noko om det erfarbare i våre liv når Jesus grip inn. Dette må vi ikkje misforstå slik ein del menneske på Jesu tid gjorde som las desse orda frå Jes 61 som eit politisk bodskap om korleis  Messias skulle sette fri jødefolket som følte seg som fangar og undertrykte, sidan ein var okkupert av Romarriket. Jesus nektar å gå inn i denne forventinga.
Det ser vi av måten han siterer Jes 61. Jes 61.2 Han stanser før setningen : «ein hevnedag frå vår Gud».  Han går ikkje inn i forventninga om at Messias skal dømme fienden nå. Dommen kjem først ved historias slutt. Nå er han  komen som frelsar. Nå er det frelsestid, og denne frelsa kan aldri formidlast med vold og makt.  
Også  talen hans etterpå viser det same: Luk4.21 Jesus seier altså at nå, mens dei hører han, skjer oppfyllinga av desse orda,  utan at han på nokon måte gjekk til opprør mot Roma.  Det Jesus understreker er altså at nå, når Han er hos dei,  er Guds rike nær. Fullt og heilt vil ein oppleve Messias- riket med den fullkomne fred og fridom i samfunn og verden først når Riket kjem med kraft. Men alt nå er Jesus nær og verkar i menneskes liv. Det gjer han og i dag i og gjennom sin menighet.
Jesus set fangar i fridom og set undertrykte fri. Dette er vitnemålet frå Guds menighet i 2000år, uavhengig av samfunnsforhold. Verken Jesus eller apostlane gjekk til politisk kamp mot romarsk okkupasjon eller slaveordningane eller fengselsvesenet , men dei formidla ei frelse som gjorde alle truande  til Jesu søsken og  barn av den same Gud og slik braut ned grunnen under slaveriet. Dei formidla ein fridom som både frie og slavar kunne erfare, nemleg den fridom ein har i Jesus som Guds barn. Og samtidig fekk ein erfare ved Andens gaver korleis nokon blei sette fri frå laster og synder og hat, andre sette fri frå sjukdom og mental forvirring, andre igjen frå åndsmakter. Vi les om desse frigjeringshandlingane i evangelia og apostelgjerningane, og dei følgde kyrkja vidare og er her i dag.  Vi har møtt dette i vitnemåla og frå tidlegare narkomane og alkoholikarar om korleis Jesus har sett dei fri. Det som gode menneske i skole, NAV, helsevesen etc hadde mislykkast med, det gjorde Jesus. Som menighet er vi kalla til å vere med Jesus i hans frigjering av menneske. Gud vil bruke deg så menneske rundt deg kan få merke at Jesus er den sanne frigjeraren.  Lytt til menneske når dei set namn på det som bind og undertrykker, og ver Jesu hender og føter til å formidle frigjering ved evangeliet.
Luk 4.19 Slik oppsummerer Jesus sitt oppdrag som og er menighetens oppdrag. Nådeåret var i GT jubelåret kvart 50.år da gjelda blei sletta, slavar blei sette fri og eigedom blei tilbakeført til slekta som hadde eigd den. Det er essensen i det Jesus og han aleine kan gjere: Føre menneske tilbake til Gud og gjenopprette det Gud hadde skapt oss til, ved å tilgi syndene og betale vår syndeskuld. For å gjere dette verkeleg måtte Jesus gå lidingsvegen for oss til krossen  og sone våre synder.  

Jesus kan! Han kan gi fellesskap med Gud. Han kan gjere livet nytt og sette fri frå det som binder. Han har herredømmet over framtida og kan frelse oss inn i sitt himmelske rike.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar